Fars | |||
فارس | |||
Provins | |||
Land | Iran | ||
---|---|---|---|
Region | Region 2 | ||
Fylke | 29 | ||
Hovudstad | Shiraz | ||
Areal | 122 608 km² | ||
Folketal | 4 851 274 (2016)[1] | ||
Tidssone | IRST (UTC+03:30) | ||
• Sommartid | IRST (UTC+04:30) | ||
Retningsnummer | 071 | ||
Fars 29°37′30″N 52°31′54″E / 29.625°N 52.531666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Fars Province |
Fars (farsi استان فارس, Ostān-e Fārs) òg kjend som Pars eller Persia[4] i historisk samanheng, er ein av 31 provinsar i Iran og kjend som kulturhovudstaden i landet. Han ligg sør i landet i Region 2,[5] og det provinshovudstaden er Shiraz. Han dekkjer eit areal på 122 400 km². I 2011 hadde provinsen 4,6 millionar innbyggjarar, der 67,6 % budde i urbane strøk, medan 32,1 % budde på landsbygda eller i landsbyar. 0,3 % av innbyggjarane var registrerte som nomadar.[6] Fars er det opphavlege heimlandet til persarane.[7] Namesoga til ordet «persisk» (frå latinsk Persia, frå gresk Persis) kjem av at denne regionen var historisk viktig og går att i mange oldtidsnamn tilknytt Iran.[8]