Regi | Knut Bohwim
Ove Kant Knut Andersen | ||
---|---|---|---|
Basert på | Olsen-Banden (dansk filmserie) | ||
Hovudrolle(r) | Arve Opsahl
Sverre Holm Carsten Byhring | ||
Produksjonsselskap | Teamfilm AS (film nr. 1-13) Nordisk Film og TV2 Norge (film nr. 14) | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Sjanger | ransfilm |
Olsenbanden er ein norsk filmserie på totalt 14 filmar som handlar om dei tre kjeltringane Egon Olsen, Benny Fransen og Kjell Jensen. Filmane er komediar og skildrar banden sine mange feilslåtte forsøk på kupp.
Dei 13 fyrste filmane vart produsert av det private produsjonsselskapet Teamfilm AS, medan den siste filmen vart produsert av Nordisk Film og TV2 Norge. Knut Bohwim regisserte tolv av filmane, medan Ove Kant og Knut Andersen regisserte høvesvis Olsenbanden og Dynamitt-Harry og Olsenbandens siste bedrifter.[1]
Den fyrste filmen, Olsenbanden - Operasjon Egon, var av ein meir erotisk karakter enn filmane som kom seinare i filmserien, og fekk difor óg ei høgare aldersgrense.[2] På tross av dette vart filmen ein suksess blant publikum, og den vart sett av 523 000 nordmenn på kino.[3] Filmen er basert på den danske originalversjonen Olsen-Banden frå 1968, og baserar seg på manusskriptet av Erik Balling og Henning Bahs.