Fiordland

Mariansjøen i Fiordland National Park nær Homer Tunnel på vegen til Milford Sound.
Vinterutsyn frå den vestre munningen til Homer Tunnel.

Fiordland er ein geografisk del av New Zealand som ligg i det sørvestlege hjørnet til Sørøya, og utgjer den vestlege tredjedelen av regionen Southland. Det meste av Fiordland er dominert av dei bratte sidene til den snødekte fjellkjeden Søralpane, djupe innsjøar og dei overfløymde dalane vestover. Namnet «Fiordland» kjem av ein stavingsvariant av det skandinaviske ordet for slike bratte dalar som er overfløymde av havet, «fjord».

Fiordland har ei rekkje fjordar (ofte feilaktig kalla sund), der Milford Sound er den mest kjende, medan Doubtful Sound er lengre, og har fleire og lengre fjordarmar, men er også mindre tilgjengeleg. I Fiordland ligg òg fossane Browne Falls og Sutherland Falls, som er blant dei høgaste fossefalla i verda, og dei tre djupaste innsjøane på New Zealand, Haurokosjøen, Manapourisjøen og Te Anau-sjøen. Denne delen av New Zealand har eit svært fuktig klima, med ei årleg nedbørmengde på 6 300mm[1].

  1. Mean Monthly Rainfall - frå NIWA, the National Institute of Water and Atmospheric Research, arkivert frå originalen 26. august 2012, henta 20. februar 2012 

Fiordland

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne