Flaks, hell og tur er utfall over forventning som følgje av hendingsgang ein ikkje har påverka sjølv. Eit nærskyldt omgrep er ordet «lykketreff».
Omgrepet og fenomenet kan forklarast og skildrast ut frå fleire synsvinklar. Ein rasjonell betraktningsmåte handlar om statistikk, sannsyn og tilfelle.[1][2] Ein kan òg forstå fenomenet ved hjelp av psykologi, til dømes at ein kan oppleva positive hendingar og utfall utanfor ein sjølv som personleg hell. Eit kjent psykologisk fenomen knytt til flaks er «hell i uhellet». Trua på flaks speler òg ei viktig rolle i folketru og overtru. Ein religiøs betraktningsmåte kan handla om skjebne og karma og at «ein haustar som ein sår», altså at nokon faktisk er heldigare enn andre og at dei har fortent å lykkast.[3][4] Ein annan overnaturleg innfallsvinkel til fenomenet er at ein kan påverka sitt eige hell og lykke gjennom spirituelle metodar eller ved å utføra bestemte ritual.