Fonetikk (av gresk φωνή phōnḗ 'lyd'), òg kalla lydlære eller språklydlære, er ei grein av lingvistikken som omfattar læra om språklydar. Som vitskapleg disiplin freistar fonetikken å skildre og forstå fenomen og prosessar i tale som er aktive når menneske snakkar saman - eller freistar å snakke saman. Fonetikk er såleis studiet av korleis mennesket produserer språklydar, korleis desse språklydane breier seg som lydbølgjer og korleis mennesket oppfattar desse lydbølgjene. Fonetikken står i eit kryssingspunkt mellom lingvistikk, anatomi, fysiologi, aerodynamikk, akustikk og psykologi.[1]