Forvaltingsrett er læra om rettsreglar for offentleg forvalting. Forvaltingsrett er ei del av offentleg rett, saman med statsrett, strafferett og prosessrett.
Dei generelle reglane som gjeld for all forvalting blir kalla alminneleg forvaltningsrett. I forvaltninga er det mange ulike verksemder, som i tillegg har eigne reglar. Dette blir gjerne kalla spesiell forvaltningsrett. Eksempel på slike reglar er helserett og sosialrett.
Forvaltingslova av 10. februar 1967 og offentleglova av 1970 gjeld for verksemda til «et hvert organ for stat eller kommune». Unntak frå dette er mellom anna Stortinget og domstolane. I nokre tilfelle har også private rettsubjekt fått delegert forvaltningsmynde, og forvaltningsretten gjeld då også for desse. Eksempel er Norges Fiskarlag og Det Norske Veritas.
Reglane for forvaltninga si verksemd kan vere fastsett i formell lov slik som forvaltningslova og offentleglova, men her er også viktige ulovfesta reglar.