Fostertal eller kullstorleik er det talet på ungar eit hodyr ber fram gjennom fostertida.
Pattedyra vert delte i to grupper:
Monotoke hodyr har éin spene eller eitt spenepar, medan dei polytoke har 4-7 spenepar, slik at dei kan die mange ungar i gongen.
Ved avl av husdyr har ein systematisk unngått fleirfødslar hos typiske monotoke husdyr, som hest og ku, medan ein har forsøkt å fremje fostertalet hos polytoke husdyr, som gris.