Franz Kafka | |
Nasjonalitet | Austerrike-Ungarn |
Statsborgarskap | Cisleithania, Tsjekkoslovakia |
Fødd | 3. juli 1883 Prag i Bøhmen |
Død |
3. juni 1924 (40 år) |
Yrke | Forfattar |
Språk | tysk, tsjekkisk |
Sjanger | modernisme, belles lettres, novelle, lignelse, kortprosa |
Far | Hermann Kafka |
Mor | Julie Kafka |
Franz Kafka på Commons |
Franz Kafka (3. juli 1883–3. juni 1924) var ein tyskspråkleg forfattar frå Prag (Praha), hovudstaden i kongeriket Böhmen som då var ein del av Austerrike-Ungarn. Han er kjend som ein av dei store skikkelsane innan litteraturen på 1900-talet med verk som blander realisme med fantastiske element.[1] Det best kjende verket hans er romanen Der Process (‘Prosessen’). Romanen skildrar ein person som er utsett for uklåre skuldingar av eit ugjennomtrengeleg rettssystem. Av dette kjem nemninga Kafka-prosess.