Fylke i Iran

Fylke i Iran

Fylke i Iran (farsi شهرستان eller shahrestan) er ei administrative inndeling av dei større provinsane (ostan). Ordet shahrestan kjem frå dei persiske orda shahr, som tyder «by» og stān, som tyder provins eller stat.

Iranske fylke er delt inn i eitt eller fleire bakhsh (farsi بخش) eller distrikt. Eit typisk fylke har både byar og landsdistrikt, som er gruppe av nærliggande landsbyar. Ein by tener som hovudstad i fylket.

Kvart fylke vert styrt av eit embete kalla farmandari, som koordinerer ulike offentlege hendingar og byrå, og vert styrt av ein farmandar.

Blant provinsane i Iran har Fars flest fylke (23), medan Qom berre består av eitt fylke, som Qom fylke. I 2005 hadde Iran 324 fylke.


Fylke i Iran

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne