Geologi (frå gresk γη, gē-, «jorda» og λογος, logos, 'ord, meining') er vitskapen og studiet av jorda, samansetninga, strukturen og dei fysiske eigenskapane hennar, den historiske utviklinga og prosessane som skapar henne.
Geologar har sett alderen på jorda til ca. 4,5 milliardar år. Dei har au funne ut at jordskorpa er oppdelt i tektoniske plater som rører seg over ein halvsmelta mantel (astenosfære) via prosessar som samla blir referert til som platetektonikk. Geologane hjelper til med å finne og forvalte dei naturlege ressursane til jorda. Dette kan vera olje, kol, metall (til dømes jern, kopar og uran), mineral (til dømes asbest, perlitt, glimmer, fosfatar, zeolittar, leire, pimpstein, kvarts og silika) og grunnstoff (til dømes svovel, klor og helium).
Astrogeologi refererer til bruken av geologiske prinsipp på andre lekamar i solsystemet. I tillegg er spesielle omgrep som selenologi (månestudiar), areologi (marsstudiar), og så bortetter au i bruk.
Ordet «geologi» blei for fyrste gongen nytta av Jean-André Deluc i 1778 og introdusert som ein meir bunden term av Horace-Bénédict de Saussure i 1779. Ei eldre tyding av ordet blei først bruka av Richard de Bury. Han nytta det til å skilje mellom jordisk og teologisk jus.