საქართველო Sakartvelo (norsk: Georgia, georgisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Dideba zetsit kurtheuls» | ||||||
Motto | Georgisk: ძალა ერთობაშია (Krafta ligg i eining) | ||||||
Offisielle språk | Georgisk | ||||||
Hovudstad | Tblisi | ||||||
Styresett |
Republikk Salome Zourabichvili / Mikheil Kavelashvili (omdiskutert) Irakli Garibasjvili | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
69 700 km² (120.) 0 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
4 926 330 (120.) 70,7 /km² (111.) | ||||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Sovjetunionen 9. april 1991 | ||||||
Nasjonaldag | 26. mai | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
35 370 mill. USD (117.) 10 200 USD (111.) | ||||||
Valuta | Lari | ||||||
Tidssone | UTC +3 | ||||||
Telefonkode | +995 | ||||||
Toppnivådomene | .ge
|
Georgia (georgisk საქართველო Sakartvelo) er eit land i Kaukasus, som tidlegare var ein del av Sovjetunionen. Hovudstaden heiter Tbilisi. Landet grensar til Tyrkia, Russland, Aserbajdsjan og Armenia. Dei to områda Abkhasia og Sør-Ossetia lausreiv seg tidleg på nittitalet og har sidan vore de facto sjølvstendige statar, sjølv om berre få land godkjenner sjølvstendet deira. Russland har plassert styrkar i begge områda og kallar dei fredstryggjande, men desse styrkane vert rekna som okkupasjonsstyrkar av Georgia.