Getafe | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Madrid | ||||
Provins | Madrid | ||||
Grunnlagd | 1326 | ||||
Borgarmeister | Pedro Castro Vázquez | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
78,74 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
164 043 2 083,4 /km² | ||||
Koordinatar | 40°18′N 3°44′W / 40.300°N 3.733°W | ||||
Høgd over havet | 622 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 28901-28909 | ||||
Telefon-retningsnummer | 916 | ||||
Nettstad: www.getafe.es |
Getafe er ein by sør i storbyområdet til Madrid i Spania og ein av dei mest folkerike og industrialiserte byane i kommunen. I byen ligg ein av dei eldste spanske militære flybasane, samt Universidad Carlos III de Madrid. Her ligg òg Cerro de los Ángeles som vert rekna som det geografiske midtpunktet på Den iberiske halvøya.[1] Byen ligg 13 km sør for sentrum i Madrid.[2] Han ligg på eit flatt område i Meseta Central i nedslagsfeltet til elva Manzanares.
Plasseringa nær Madrid gjorde at Getafe vart kraftig industrialisert på 1900-talet. Dette førte til ein folkeauke og byen har i dag kring 165 000 innbyggjarar.