Grashopper

Grashopper
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Orden: Rettvenger Orthoptera
Underorden: Grashopper Caelifera
Ander, 1939

Grashopper er ei gruppe insekt i ordenen rettvenger og underordenen Caelifera. Dei høyrer til det som truleg er den eldste nolevande gruppa av planteetande tyggande insekt som kan førast tilbake til tidleg trias for rundt 250 millionar år sidan. Grashopper er hemimetabole insekt som ikkje går gjennom komplett metamorfose; i staden blir dei klekka frå eit egg som nymfer som går gjennom fem hamskifte, der dei blir likare vaksne dyr på kvart stadium. Grashopper lever typisk på bakken og bruker dei sterke bakføtene sine til å rømma frå farar gjennom kraftige hopp. Nokre grashoppeartar kan endra farge og oppførsel og danna svermar dersom dei rette tilhøva er til stades for det.

Grashopper er vanlegvis planteetarar. Nokre få av artane kan bli store skadedyr på korn, grønsaker og beitemark, særleg når dei svermar i milliontal og øydelegg avlingar i store område. Dei vernar seg mot predasjon ved hjelp av kamuflasje; om dei blir oppdaga kan mange artar prøva å overraska ein predator med eit sterkt synsinntrykk frå vengene medan dei hopper unna. Vaksne insekt kan flyga eit kort stykke vekk. Andre artar, som Dactylotum bicolor, har varselfargar som skremmer vekk predatorar. Grashopper blir påverka av parasittar og ulike sjukdommar, og det finst mange predatorar for både nymfer og vaksne. Også egga kan angripast av parasittoidar og predatorar.

Insekta har hatt eit langvarig forhold til menneske. Grashoppesvermar kan ha øydeleggjande effektar på jordbruk og forårsaka svolt, og er mellom anna nemnde i Bibelen.[1] Også mindre tal av insekta kan vera alvorlege skadedyr. Dei blir elles brukt til mat i nokre land, som Mexico og Indonesia. Grashopper finst også i kunst, litteratur og symbolisme.

  1. Nuwer, Rachel. «A Plague of Locusts Descends Upon the Holy Land, Just in Time for Passover». Smithsonian Magazine (på engelsk). Henta 6. mai 2021. 

Grashopper

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne