Gryllefjord

Gryllefjord
tettstad
Gryllefjord sett frå Ballesvikskaret
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Senja
Areal 0,25 km²
Folketal 325  (2023)
Folketettleik 1 300 / km²
Postnummer 9380 GRYLLEFJORD
Innbyggjarnamn Gryllefjerding[1]
Preposisjon i Gryllefjord
Kart
Gryllefjord
69°21′46″N 17°03′10″E / 69.362777777778°N 17.052777777778°E / 69.362777777778; 17.052777777778
Wikimedia Commons: Gryllefjord

Gryllefjord, eller Gryllefjorden (nordsamisk: Grullefierda), er ein tettstad i Senja kommune i Troms. Staden var administrasjonssenter i tidlegare Torsken kommune i Troms.

Gryllefjord ligg på sørsida av den omtrent 7 km lange Gryllefjorden vest på Senja, og er eit viktig fiskevær som ligg innom Svennsgrunna og Malangsgrunna. Fylkesveg 86 går til Gryllefjord og det er ferjesamband til Andenes i Vesterålen.

I 1902 blei det bygd eit bedehus i Gryllefjord. Dette er seinare blitt vigsla som kyrkje under namnet Gryllefjord kapell.

Gryllefjord oppvekstsenter har barnehage og barne- og ungdomsskule.

  1. Jørn Sandnes og Ola Stemhaug (red): Norsk stadnamnleksikon. Det Norske Samlaget, Oslo, 1997. ISBN 82-521-4905-7

Gryllefjord

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne