Gunder Gundersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 12. september 1930 Asker |
Død | 2. juni 2005 (74 år) Oslo |
Idrett | kombinert, skihopping |
Tok del i | Vinter-OL 1960 |
Utmerkingar | Holmenkollmedaljen |
Gunder Gundersen (12. september 1930–2. juni 2005) var ein norsk kombinertrennar og idrettsleiar frå Asker. Han vann to VM-medaljar i kombinert, sølv i 1954 og bronse i 1958. Gundersen vart noregsmeister i 1961, og vann elles fem MN-sølv og to NM-bronser. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1959 og Norges Skiforbunds Gullmedalje For Fremragende Innsats For Norsk Skiidrett i 1968. Gundersen var medlem av idrettsklubben Frisk Asker.
Gundersen er i dag best kjend for å utvikla den såkalla «Gunder-metoden». Han døydde i Oslo.