Haarlem | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Provinsar |
Nederland Noord-Holland | ||||
Borgarmeister | Bernt Schneiders | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
32,12 km² 29,32 km² 2,8 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
147 516 5 031/km² | ||||
Koordinatar | 52°23′N 4°38′E / 52.383°N 4.633°E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Nettstad: www.haarlem.nl |
Haarlem er ein kommune og by i Nederland. Han er administrasjonssenter i provinsen Noord-Holland og var ein gong ein av dei mektigaste av dei sju provinsane i Dei sameinte Nederlanda. Byen ligg ved elva Spaarne, om lag 20 km vest for Amsterdam nær kystdynene. Han har vore det historiske tulipansenteret i fleire hundreår og har derfor fått kallenamnet Bloemenstad («Blomebyen»). Kommunen Haarlem inneheld òg landsbyen Spaarndam og har totalt nesten 150 000 innbyggjarar.