Hamar | |||
By | |||
Hamar sett frå lufta.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Hamar | ||
Areal | 14,2 km² | ||
Folketal | 29 605 (2023) | ||
Folketettleik | 2 085 / km² | ||
Innbyggjarnamn | hamarsing | ||
Preposisjon | på Hamar | ||
Ferdselsårer | Dovrebanen, Rørosbanen | ||
Hamar 60°47′40″N 11°04′04″E / 60.794444444444°N 11.067777777778°E | |||
Wikimedia Commons: Hamar |
Hamar er ein by og administrasjonssenteret i Hamar kommune i Hedmark i Innlandet fylke. Tettstaden har 29 605 innbyggjarar per 1. januar 2023 og strekker seg ut over grensene til Hamar kommune. Hamar omfattar også busetnad i kommunane Stange og Ringsaker. Totalt har tettstaden 29 605 innbyggjarar per 1. januar 2023, og 24 177 av innbyggjarane i tettstaden bur i Hamar kommune. Sentrum i byen ligg på det eldste byområdet frå jernbanestasjonen til Stortorget. Her er sentrum for forretning og administrasjon, og det er ein blanda busetnad med låge murhus og bygningar i nyare stil.
Hamar er sete for fylkesmannen i Hedmark og administrasjonen for Hedmark fylkeskommune. I byen ligg også kontora til Hedmark politidistrikt, Eidsivating lagmannsrett og hovudadministrasjonen til Norsk Tipping. Byen har sjukehus, vidaregåande skolar og Høgskolen i Innlandet med landbruksfag, naturfag og lærarutdanning. På Ridabu aust for sentrum ligg Toneheim folkehøgskole, med tilbod om høyrelære og andre musikkfag.
På Hamar kjem dagsavisene Hamar Arbeiderblad og Hamar Dagblad ut.