Hammurabi | |
Statsborgarskap | Babylonia |
Fødd | ca. 1810 f.Kr. Babylonia, Old Babylonian Empire |
Død |
ca. 1750 f.Kr. (0 år) |
Yrke | konge, monark, leiar |
Språk | Akkadisk |
Religion | Babylonsk mytologi |
Far | Sin-Muballit |
Hammurabi på Commons |
Hammurabi (1700-talet f.Kr) var ein av kongane i det amorittiske dynastiet i Babylonia. Hammurabi erobra store område som gjorde at riket fekk ei stordomstid, men denne oppblomstringa vart kortvarig. Han erobra mellom anna Mari og samla bystatane Ur, Uruk og Lagash til eit semittisk rike med Babylon som hovudstad. Hammurabi sørgde for at forvaltinga vart teken hand om, og han oppførte store bygningar og vatningsanlegg. Etter at han døydde fall storriket etter kvart saman under press frå folk i Vesleasia.
Han vert likevel hugsa mest for lovsamlinga han skreiv (Hammurabis lover) og lét risse inn på den store stelen under eit bilete av seg sjølv saman med guden Sjamasj. Nedteikninga inneheld rundt 280 lovar.