Hardangerbana var ei 27,5 km lang elektrisk jarnbane som gjekk frå Voss stasjon på Bergensbanen til Eide ved Granvinsfjorden. Vedtaket om bygging vart fatta i Stortinget i 1919. Bana vart opna 30. mars 1935. Persontrafikken vart nedlagt 1. juni 1985, godstrafikken i 1989.
Bana var i drift i vel 50 år. Sporet frå Voss til Palmafoss godsterminal (3,39 km) vart teke vare på som eit sidespor til Bergensbanen. Store delar av den gamle bana er i dag i bruk som gang- og sykkelveg.