Ein heliks (frå det greske ordet έλικας/έλιξ) eller skrueline er ein kurve i rommet som ligg på ein sylinder (sylindrisk heliks) eller på ei kjegle (kjegleheliks). Ein heliks har ei jamn stiging, og heile tida same avstand frå ei tenkt midtline. Ein sylindrisk heliks skjer loddrette linjer på sylindneren med konstant vinkel α. Kjegleheliks skjer generatrisene, dei rette linjene frå toppunktet til kjegla til grunnflata, med ein konstant vinkel α.
To vanlege heliksar i dagleglivet er gjengane på ei skrue og profilen til ei vindeltrapp.