Ελληνική Δημοκρατία Elliniki Dhimokratia (norsk: Hellas, gresk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Ýmnos pros tin Eleftherían» | ||||||
Motto | gresk: Eleftheria i thanatos (Fridom eller død) | ||||||
Offisielle språk | Gresk | ||||||
Hovudstad | Athen | ||||||
Styresett |
Republikk Katerina Sakellaropoulou Kyriakos Mitsotakis | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
131 957 km² (96.) 0,86 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2021) – Tettleik |
10 768 477 (82.) 10 482 487 81,6 /km² (100.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært - Anerkjent |
Frå Det osmanske riket 25. mars 1821 1829 | ||||||
Nasjonaldag | 25. mars | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
283 400 mill. USD (53.) 26 000 USD (52.) | ||||||
Valuta | Euro | ||||||
Tidssone | UTC +2 | ||||||
Telefonkode | +30 | ||||||
Toppnivådomene | .gr
|
Republikken Hellas (gresk Ελληνική Δημοκρατία, Ellinikí Dimokratía) eller berre Hellas (Ελλάδα, Elláda, eldre form Ελλάς, Ellás) er eit land søraust i Europa sør på Balkanhalvøya. Landet grensar til Albania, Nord-Makedonia, Bulgaria og Tyrkia. Egearhavet ligg aust og sør for det greske fastlandet, medan Det joniske havet ligg i vest. Begge havområde er ein del av Middelhavet og inneheld mange greske øyar.
Hellas ligg i grenseområda mellom Europa , Asia og Afrika. Antikkens Hellas, Austromarriket og nesten fire hundreår under Det osmanske riket har sett sitt preg på landet. Området er rekna som krybba til den vestlege verda og opphavet til demokratiet[1], vestleg filosofi,[2] Dei olympiske leikane, statsvitskap, mange vitskaplege fag, vestleg litteratur og drama[3] inkludert både tragedie og komedie. Hellas har derfor ei særs lang og rik historie med mange hendigar og ei kulturarv påverka av Nord-Afrika og Midtausten, som har sett kraftig preg på europeisk kultur og det ein kan kalle Vesten.
Det moderne Hellas er eit utvikla land og har vore medlem av EU sidan 1981, av NATO sidan 1952, OECD sidan 1961, WEU sidan 1995 og ESA sidan 2005. Hovudstaden i landet er Aten og andre store byar er Thessaloníki, Pátra, Iráklio og Lárisa.