Herman Van Rompuy | |||
| |||
Fødd | 31. oktober 1947 (77 år) Etterbeek | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Belgia | ||
Parti | Det europeiske folkepartiet | ||
Yrke | politikar, samfunnsøkonom | ||
Institusjonar | Belgias nasjonalbank | ||
Utdanna ved | Det katolske universitetet i Leuven Sint-Jan Berchmanscollege Katholieke Universiteit Leuven | ||
Far | Vic Van Rompuy | ||
Ektefelle | Geertrui Windels | ||
Barn | Peter Van Rompuy | ||
Verv | Statsminister i Belgia 2008-2009 | ||
Føregangar | Yves Leterme | ||
Etterfylgjar | Yves Leterme | ||
Alle verv |
Herman Van Rompuy (fødd 31. oktober 1947) er ein belgisk, flamsk politikar for partiet Christen-Democratisch en Vlaams (Kristendemokratisk og flamsk) og EU-president. Han var statsminister i Belgia frå 30. desember 2008 til 25. november 2009. Før det var han president for underhuset i den belgiske nasjonalforsamlinga. Etter at statsministeren, Yves Leterme, leverte avskjedssøknaden sin i desember 2008 fekk partifellen Van Rompuy i oppdrag av kongen å danna ny regjering, i koalisjon med dei same partia som Leterme regjerte med: Flamske liberale og demokratar (Vlaamse Liberalen en Democraten) og dei frankofone partia Reformrørsla (Mouvement Réformateur), Sosialistpartiet (Parti Socialiste), og Demokratisk, humanistisk senter (Centre démocrate humaniste).
Van Rompuy var partileiar for partiet sitt frå 1988 til 1993 og budsjettminister frå 1993 til 1999. Frå 2007 var han president for underhuset i nasjonalforsamlinga.
Van Rompuy har lenge vore ein aktiv bloggar, og skriv mellom anna haiku-aktige dikt på bloggen sin.