Hertz er ei SI-avleia eining for måling av frekvens. Symbolet for hertz er Hz.[1]
Eininga har fått namnet etter den tyske fysikaren Heinrich Rudolf Hertz,[1] som gav viktige bidrag til vitskapen om elektromagnetisme.
Éin hertz er «ei svinging (eller hending) per sekund», 100 Hz blir då «hundre (hendingar) per sekund». Eininga kan bli brukt om alle periodiske hendingar. Til dømes kan ein seie at ei klokke tikkar med frekvensen 1 Hz.
Den inverse funksjonen av frekvens er tid (periode); slik blir ein frekvens på 1 Hz ein periode på eitt sekund. Ein frekvens på 1 MHz svarer til ein periode på eitt mikrosekund.