Meter er ei SI-eining for lengd. I dag er denne lengda definert som strekningi ljos forplantar seg i vakuum i løpet av nøyaktig 1/299.792.458 sekund. Symbolet for meter er m.
Einingi blei til etter den franske revolusjonen, då dei revolusjonære villa hava eit nytt og uavhengig mål for lengd. Dei tok det greske ordet metron, som tyder mål, og lét denne einingi stå for 1/10.000.000 av avstanden frå Nordpolen til ekvator. Problemet med denne definisjonen var at dei såg på jordi som heilt rund, noko ho ikkje er.
Definisjonen på ein meter har derfor endra seg over åri, for å bliva meir presis og uforanderleg:
År | Definisjon |
1793 | 1/10.000.000 av avstanden mellom Nordpolen og ekvator |
1795 | Ei metallstong på ein meter blir laga i bronse |
1799 | Prototypen på ein meter blir laga i platina |
1889 | Den internasjonale prototypen på ein meter blir laga i ei legering av platina og iridium |
1906 | 1.000.000/0,64384696 bølgjelengder av den raude linja i kadmiumspektrumet i luft |
1960 | 1.650.763,73 bølgjelengder av radioaktive bølgjer produsert av eit
krypton-86-atom som går frå energinivået 2p10 til 5d5 |
1983 | Strekningi ljos forplantar seg i vakuum i løpet av nøyaktig 1/299.792.458 sekund |