Hoggorm | |
To fargevariantar av hoggorm. Foto: Malene Thyssen
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av hoggorm | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Krypdyr Reptilia |
Orden: | Skjelkrypdyr Squamata |
Familie: | Hoggormfamilien Viperidae |
Slekt: | Vipera |
Art: | Hoggorm V. berus |
Vitskapleg namn | |
Vipera berus |
Hoggormen (Vipera berus) er ein av meir enn 200 artar i hoggormfamilien, den einaste av desse som lever fritt i Nord-Europa, og den einaste giftslangen som lever i Norden.
Av alle slangeartane i verda er hoggormen den som har størst geografisk utbreiing. Han lever over det meste av Europa og Asia, frå Storbritannia i vest til stillehavskysten av Kina i aust, og godt nord for polarsirkelen i nord. Han finst i nær sagt all slags terreng, opp til om lag 3000 meters høgd over havet.
I Noreg finst hoggormen nordover til Helgeland, det nordlegaste einskildfunnet er gjort i Rana.[2][3]