Holla kyrkje | |||
kyrkje | |||
Holla kyrkje
Foto: Orf3us | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Øvre Telemark | ||
Sokn | Holla og Helgen | ||
Fellesråd | Nome | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | P. H. Holtermann | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Raud teglstein | ||
Innvigd | 25. september 1867 | ||
• Endringar | 1916, rest. 1930, 1967 og 1990-åra | ||
Klokker | 2, O. Olsen & Søn, 1867 og 1947 | ||
Kyrkjegard | Ute av bruk | ||
Preikestol | 1867 | ||
Døypefont | 1867 | ||
Altartavle | Krusifiks | ||
Orgel | Gebrüder Stockmann, 2011 | ||
Sitjeplassar | 600 | ||
Diverse | 4 glasmåleri av Fiunn Krafft 1967 | ||
Holla kyrkje 59°16′50″N 9°15′47″E / 59.28049722°N 9.26298333°E | |||
Wikimedia Commons: Holla kirke |
Holla kyrkje er ei langkyrkje frå 1867 i Nome kommune i Telemark. Ho avløyste ei steinkyrkje frå mellomalderen.
Kyrkja har tårn i vest, og koret i aust er polygonalt avslutta. På kvar side er eit sakristi. Dåpssakristiet er frå 1916. Kyrkja vart restaurert i 1930 og til hundreårsjubileet i 1967. Ved siste høve var Finn Krafft fargekonsulent, og han laga m.a. glasmåleri med evangelistbilete til kyrkja.
Kyrkjegarden ved kyrkja er ute av bruk, men har framleis ei rekkje gravminne. Det er kyrkjegard ved Kronborg, lengre sør. Viadre søraust er prestegarden og den gamle kyrkjestaden.