Holocaust

Statue til minne om barn som vart drepne i Holocaust. Utført av Janus Korczak og stilt ut i Yad Vashem i Israel
Utsvoltne fangar som døydde under ein tvungen marsj frå Dachau.

Holocaust er eit gresk ord som betyr brennoffer, og ordet blir sidan 1960-talet bruka som namn på det folkemordet dei tyske nazistane gjorde mot europeiske jødar under andre verdskrigen. Det samtidige nazistiske folkemordet på sigøynarane (roma, romani) og dei medvitne drapa av ein vesentleg del av den slaviske folkesetnaden i det okkuperte Polen og dei okkuperte områda av Sovjetunionen, blir av og til medrekna i omgrepet Holocaust. Alt dette heng i alle høve saman med den gjennomførte rasismen til nazistane.

På hebraisk blir ordet Shoah bruka om nazistane sitt forsøk på total utrydding av dei europeiske jødane. Det tyder Katastrofen.

Om lag 6 millionar av dei rundt rekna 11 millionane jødar i Europa blei drepne i løpet av dei ca. fire åra sjølve folkemordsprogrammet mot jødane blei sett i verk. I somme land blei over 90 % av jødane utrydda, såleis m.a. i Polen, Latvia og Litauen.


Holocaust

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne