Hoppekreps | |
![]() Planktonisk hoppekreps med karakteristiske lange antenner | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Krepsdyr Crustacea |
Klasse: | Maxillopoda |
Underklasse: | Hoppekreps Copepoda H. Milne-Edwards, 1840 |
Hoppekreps eller copepodar er ei gruppe små krepsdyr som finst i havet og i dei fleste ferskvassmiljø. Dei fleste artane er bentiske, men mange lever òg som plankton og utgjer ein vesentleg del av dyra i planktonet. Somme artar kan òg påtreffast i fuktige miljø på land eller som parasittar på fisk.
Ut frå biomasse og tal på individ kan hoppekreps seiast å vera den mest dominerande dyregruppa på jorda. Det er klassifisert omkring 14 000 artar til no, men det verkelege talet på artar er sannsynlegvis langt høgare.