Hordaland Folkeblad er ei avis som vert utgjeven i Norheimsund i Vestland fylke. Fyrste utgåve kom ut i 1873 og ei av dei eldste lokalavisene i Noreg. Avisa er ei uavhengig lokalavis for Kvam herad og Jondal kommune.
Sigbjørn Linga er redaktør og Camilla Skaar Ljones er dagleg leiar.
Hordaland Folkeblad kjem ut to gonger i veka, tysdag og fredag, og er ei nynorskavis.
På folkemunne vert avisa ofte kalla «Skaaralappen». Avisa er framleis 100 % i Skaar-slekta si eige, no ved femte generasjon, Camilla Skaar Ljones.