Hurum kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud | ||
Adm.senter | Sætre | ||
Areal | 163 km² | ||
• land | 156 km² | ||
• vatn | 7 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Monica V. Bratlie (H) | ||
Kommunenr. | 0628 | ||
Hurum 59°36′11″N 10°31′05″E / 59.603055555556°N 10.518055555556°E | |||
Kart som viser Hurum kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Hurum | |||
Nettstad: www.hurum.kommune.no |
Hurum er ei bygd og ein tidlegare norsk heradskommune som låg i Buskerud, no Viken fylke. Kommunen låg på halvøya Hurumlandet mellom Oslofjorden og Drammensfjorden, og grensa til Røyken kommune i nord. Det tidlegare administrasjonssenteret Klokkarstua ligg i innlandet, i Sandungsdalen, medan dei fleste andre tettstadane i kommunen, som Sætre, Tofte, Filtvet og Holmsbu, ligg langs kysten. Verd å nemne er òg plassen Verket, rett vest for Klokkarstua. Han er ei istidsavsetting som mesten stengjer Drammensfjorden.
Rundt 100 km² av flatevidda var produktiv skog, medan rundt ein tidel av landet vart nytta til jordbruk. Den 63 kilometer lange kystlina til kommunen har ein kyststi for turgåarar.
Hurum kommune vart i 2020 slegen saman med kommunane Røyken og Asker til den nye Asker kommune.[1]