Hydrogenklorid er ei uorganisk sambinding av hydrogen og klor med kjemisk formel HCl. Ved romtemperatur er HCl ein fargelaus gass som ved kontakt med vassdamp i lufta avgir kvitleg saltsyredamp. Hydrogenklorid løyst i vatn blir kalla saltsyre.
Hydrogenklorid er eit toatomig dipolmolekyl som består av eit hydrogenatom og eit kloratom.
Hydrogenklorid løyst i vatn avgir oksoniumion (H3O+) og klorion (Cl–) i ein reaksjon som går begge vegar: