Indre Troms prosti var eit tenestedistrikt i Nord-Hålogaland bispedømme i Den norske kyrkja. Prosten hadde sete på Bardufoss. Prostiet svarte til kommunane Balsfjord, Bardu, Lavangen, Målselv og Salangen i geografisk utstrekking. 1. januar 2020 vart prostiet innlemma i Senja prosti.[1]
Prostiet er inndelt i sokn. Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Dei som arbeider i kyrkja er anten tilsette av soknet gjennom kyrkjeleg fellesråd, eller dei er tilsette i prostiet. Dei fleste prestane er tilsette i prostiet, og har tenesta si knytt til eit eller fleire sokn. Fram til 2004 var prestetenesta lokalt organisert i prestegjeld.