Innlandet

Denne artikkelen handlar om øya i Kristiansund. For fylkeskommunen, sjå Innlandet fylke.
Innlandet
Innlandet sett frå Kirklandet, i bakgrunnen fjellet Freikollen, det høgaste fjellet i Kristiansund. Foto: Harald Oppedal
Innlandet sett frå Kirklandet, i bakgrunnen fjellet Freikollen, det høgaste fjellet i Kristiansund.

Foto: Harald Oppedal

Geografi
Stad Nordmøre
Koordinatar 63°06′16″N 07°44′02″E / 63.10444°N 7.73389°E / 63.10444; 7.73389

Areal 0,73 km²

Høgaste punkt Bautaen (64 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Demografi
Folketal 1397 (2024)
Folketettleik ca. 1910 /km²
Dødeladen cafe på Innlandet. Bilete er teke frå sundbåten.
Foto: Harald Oppedal

Innlandet er Kristiansund si minste øy, og ei av dei fire øyane som sentrum av byen ligg på. Dei andre er Kirklandet, Nordlandet og Gomalandet. Tahiti er vorte eit mykje nytta kallenamn på Innlandet av dei lokale innbyggjarane og Tahitifestivalen er eit årvisst arrangement på øya. Den populære badeplassen Skjærva er flittig nytta om sommaren til bading, volleyball, basketball og til å sole seg. Innlandet har òg ein matvarebutikk, ein barneskule og ein restaurant (Dødeladen), elles er mykje av øya nytta til bustader.

Folketalsutvikling

1900[1] 2000[2] 2024[2]
1136 1224 1397
  1. Folketeljing 1900 for Kristiansund kjøpstad, frå Digitalarkivet
  2. 2,0 2,1 Befolkning, etter grunnkrets, statistikkvariabel og år, frå Statistisk sentralbyrå

Innlandet

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne