Iran

جمهوری اسلامی ایران
Jomhuri-ye Eslami-ye Iran
(Den islamske republikken Iran)

(norsk: Iran, iransk)

Det iranske flagget Det iranske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Sorood-e jomhoori-e eslami»
Motto Esteqlāl, āzādī, jomhūrī-ye eslāmī (farsi: Sjølvstende, fridom, den islamske republikken
Geografisk plassering av Iran
Offisielle språk Farsi, azeri , kurdisk, luri, gilaki, baluchi
Hovudstad Teheran
Styresett
Islamsk republikk
Ali Khamenei
Ebrahim Raisi
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 648 195 km² (17.)
0,7 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
82 021 564 (16.)
49,8 /km² (129.)
Revolusjon
11. februar 1979
Nasjonaldag Nyttår, nauroz, 20-21. mars
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
1 382 000 mill. USD (19.)
18 500 USD (72.)
Valuta Rial
Tidssone UTC +3
Telefonkode +98
Toppnivådomene .ir


Iran (farsi ایران), før 1934 kalla Persia[1] og offisielt Den islamske republikken Iran (farsi جمهوری اسلامی ایران),[2] er eit land i Vest-Asia.[3][4] Det grensar i nordvest til Armenia, den de facto sjølvstendige Republikken Artsakh, Aserbajdsjan og den aserbajdsjanske eksklaven Nakhitsjevan; i nord til Kaspihavet; i nordaust til Turkmenistan; i aust til Afghanistan og Pakistan; i sør til Persiabukta og Omanbukta; og i vest til Tyrkia og Irak. Med over 80 millionar innbyggjarar er Iran det 18. mest folkerike landet i verda.[5] Landet dekkjer eit areal på 16 481 95 km² og er det nest største landet i Midtausten og det 17. største i verda. Det er det einaste landet som har kystlinje mot både Kaspihavet og Indiahavet. den sentrale plasseringa i Eurasia og Vest-Asia, og nærleiken til Hormuzsundet, gjev det ein viktig strategisk plassering.[6] Teheran er hovudstaden og den største byen i landet, i tillegg til å vere det økonomiske og kulturelle senteret.

Iran er heimstad til ein av dei eldste sivilisasjonane i verda,[7][8] frå og med dei elamittiske kongedøma på 3000-talet fvt. Det vart først samla av iranske Media på 600-talet fvt.,[9] og var på sitt største under Akamenide-dynastiet skipa av Kyros den store på 500-talet fvt. Det strekte seg då frå Aust-Europa til Indusdalen, og vart eit større rike enn noko som hadde eksistert før i verda.[10] Det iranske riket fall til Aleksander den store på 300-talet fvt, men dukka opp att kort tid etter som Partiariket, etterfølgd av Sasanideriket, som vart den leiande verdsmakta dei neste fire hundreåra.[11][12]

Arabiske muslimar erobra riket på 600-talet evt, og førte til slutt til ei forskuving av dei opphavlege trusretningane parsisme og manikeisme til fordel for islam. Iran gjorde store bidrag til den islamske gullalderen som følgde, og var opphav til mange viktige personar innan kunst og vitskap. Etter to hundreår byrja ein periode med med ymse innfødde, muslimske dynasti, som seinare vart erobra av tyrkarar og mongolar. Framveksten til safavidane på 1400-talet førte til at det vart gjenoppretta ein samla iransk stat og nasjonalidentitet,[13] som følgde etter landet konverterte til sjiaislam, og markerte eit vendepunkt i iransk og muslimsk historie.[14][15] På 1700-talet hadde Iran ei kort stund det som utan tvil var det mektigaste riket på den tida, under Nader Shah.[16] Krigar på 1800-talet med Det russiske imperiet førte til store tap av landområde.[17][18] Uro i folket kulminerte i den konstitusjonelle revolusjonen i 1906, som oppretta eit konstitusjonelt monarki og den første grunnlova i landet. Etter eit statskupp sett i verk av Storbritannia og USA i 1953, vart Iran gradvis tettare på linje med Vesten, og vart stadig meir autokratisk.[19] Aukande misnøye mot utanlandsk påverknad og politisk undertrykking førte til den iranske revolusjonen i 1979, som førte til at landet vart ein islamsk republikk,[20] eit politisk system som inneheld element av eit parlamentarisk demokrati kontrollert og overvaka av eit teokrati styrt av ein autokratisk «øvsteleiar».[21] Kritikarar reknar det som eit totalitært diktatur styrt av ein mangeårig diktator (Ali Khamenei) som utferdar ordrar, dekret og retningslinjer om nesten alt. I 1980-åra var landet i krig med Irak, som varte i nesten ni år og førte til store dødstal og økonomiske tap på begge sider.

I følgje internasjonale observatørar er det noverande iranske regimet (leia av Ali Khamenei sidan 1989) undertrykkande og brot på menneskerettane er vanleg.[22] Sidan 2000-åra har det kontroversielle atomprogrammet til Iran ført til uro, og er til dels opphavet til internasjonale sanksjonar mot landet. Atomavtalen med Iran er ein avtale mellom Iran og P5+1 frå 14. juli 2015, med mål om å lette på sanksjonane mot at Iran avgrensa produksjonen av anrika uran.

Iran er opphavleg medlem av Dei sameinte nasjonane, ECO, NAM, OIC og OPEC. Det er ei stor regionalmakt og mellommakt,[23][24] og dei store reservane med fossilt brensel – som omfattar den største naturgassforsyninga i verda og den fjerde største oljereserven[25][26] – gjer landet til ein viktig aktør i internasjonal energitryggleik og i verdsøkonomien.

Den rike kulturarva til landet syner seg til dels i dei 21 verdsarvstadane landet har, som er det tredje meste i Asia og det ellevte meste i verda.[27] Iran er eit fleirkulturelt land som består av mange etniske og språklege grupper. Dei største er persarar (61 %), aserbajdsjanarar (16 %), kurdarar (10 %) og lurarar (6 %).[26]

  1. A. Fishman, Joshua (2010). Handbook of Language and Ethnic Identity: Disciplinary and Regional Perspectives (Volume 1). Oxford University Press. s. 266. ISBN 978-0195374926. «"“Iran” and “Persia” are synonymous" The former has always been used by the Iranian speaking peoples themselves, while the latter has served as the international name of the country in various languages» 
  2. farsi جمهوری اسلامی ایران) Jomhūrī-ye Eslāmī-ye Īrān Mal:IPA-fa
  3. «"CESWW" – Definition of Central Eurasia». Cesww.fas.harvard.edu. Arkivert frå originalen 5 August 2010. Henta 1. august 2010. 
  4. «Iran Guide». National Geographic. 14 June 2013. Arkivert frå originalen 12 December 2009. Henta 1. mars 2021. 
  5. «National Census Preliminary Results Released: Irans Urban Population Up». Financial Tribune (på engelsk). 13. mars 2017. Henta 1. mars 2021. 
  6. «Irans Strategy in the Strait of Hormuz». The Diplomat. Arkivert frå originalen 8 December 2015. Henta 1. mars 2021. 
  7. Whatley, Christopher (2001). Bought and Sold for English Gold: The Union of 1707. Tuckwell Press. 
  8. Lowell Barrington (January 2012). Comparative Politics: Structures and Choices, 2nd ed.tr: Structures and Choices. Cengage Learning. s. 121. ISBN 978-1-111-34193-0. Henta 1. mars 2021. 
  9. Encyclopædia Britannica. «Encyclopædia Britannica Encyclopedia Article: Media ancient region, Iran». Britannica.com. Henta 1. mars 2021. 
  10. David Sacks; Oswyn Murray; Lisa R. Brody; Oswyn Murray; Lisa R. Brody (2005). Encyclopedia of the ancient Greek world. Infobase Publishing. s. 256 (at the right portion of the page). ISBN 978-0-8160-5722-1. Henta 1. mars 2021. 
  11. Stillman, Norman A. (1979). The Jews of Arab Lands. Jewish Publication Society. s. 22. ISBN 0827611552. 
  12. Jeffreys, Elizabeth; Haarer, Fiona K. (30 September 2006). Proceedings of the 21st International Congress of Byzantine Studies: London, 21–26 August, 2006, Volume 1. Ashgate Publishing. s. 29. ISBN 075465740X. 
  13. Sarkhosh Curtis, Vesta; Stewart, Sarah (2005), Birth of the Persian Empire: The Idea of Iran, London: I.B. Tauris, s. 108, ISBN 978-1-84511-062-8 
  14. Andrew J. Newman (21 April 2006). Safavid Iran: Rebirth of a persisk Empire. I.B. Tauris. ISBN 978-1-86064-667-6. Henta 1. mars 2021. 
  15. Savory, R. M. «safavidane». Encyclopaedia of Islam (2nd utg.). 
  16. Axworthy, Door Michael (2006). The Sword of Persia: Nader Shah, from Tribal Warrior to Conquering Tyrant. Henta 1. mars 2021. 
  17. Fisher et al. 1991, s. 329–330.
  18. Dowling, Timothy C. (2 December 2014). Russia at War: From the Mongol Conquest to Afghanistan, Chechnya, and Beyond. ABC-CLIO. s. 728–730. ISBN 1598849484. 
  19. Cordesman, Anthony H. (1999). Irans Military Forces in Transition: Conventional Threats and Weapons of Mass Destruction. s. 22. 
  20. «Iran». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica. 2012. Henta 1. mars 2021. 
  21. قانون اساسی جمهوری اسلامی ایران (på persisk). Arkivert frå originalen 10 April 2008. Henta 1. mars 2021. 
  22. Freedom House (2017). «Iran». Freedom in the World 2017. Freedom House. Arkivert frå originalen 17. mai 2017. Henta 1. mars 2021. 
  23. The Committee Office, House of Commons. «Select Committee on Foreign Affairs, Eighth Report, Iran». Publications.parliament.uk. Henta 1. mars 2021. 
  24. «Iran @ 2000 and Beyond lecture series, opening address, W. Herbert Hunt, 18 May 2000». Wayback.archive.org. Arkivert frå originalen 3 January 2010. Henta 1. mars 2021. 
  25. «UPDATE 3-BP cuts global gas reserves estimate, mostly for Russia». Reuters.com. 2013. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 1. mars 2021. 
  26. 26,0 26,1 CIA World Factbook. «Iran». Arkivert frå originalen 3 February 2012. Henta 1. mars 2021. 
  27. «World Heritage List». UNESCO. 

Iran

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne