Irsk geografi

Irland vert stundom kalla «Smaragdøya» eller «den grøne øya» på grunn av det grøne landskapet.

Irland er ei øy nordvest i Europa i Nord-Atlanteren. Havet har danna ei ujamn kystlinje i vest med mange øyar, halvøyar og nes. Geografisk er Irland i hovudtrekk samansett av ei låg sentral slette omringa av kystfjell. Det høgaste fjellet er Carrauntoohil (irsk Corrán Tuathail) med ei høgd på 1 038 meter over havet. Det er fleire store innsjøar langs dei irske elvane og den største av dei er Lough Neagh. Øya er meir eller mindre delt i to av elva Shannon som med ei lengd på 259 km og eit estuar på 113 km er den lengste elva på Irland. Ho renn sørover frå County Cavan i nord til Atlanterhavet ved Limerick.

Politisk er Irland delt i Republikken Irland og Nord-Irland, som er ein del av Storbritannia. Vest for øya ligg øya Storbritannia. Ho har eit areal på 84 079 km² og mellom Irland og Storbritannia ligg Irskesjøen, medan Det keltiske havet ligg sør for Irland.


Irsk geografi

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne