Jamalo-Nenetsk

Jamalo-Nenetsk
Ямало-Ненецкий автономный округ
sjølvstyrt område
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Vest-Sibir
Del av Den uralske føderasjonskrets
Hovudstad Salekhard
Areal 683 976 km²
Folketal 515 960 (2024)
Språk russisk
Tidssone UTC +5
Bilnummer 89
Kart
Jamalo-Nenetsk
67°15′00″N 74°40′00″E / 67.25°N 74.666666666667°E / 67.25; 74.666666666667
Wikimedia Commons: Yamalo-Nenets Autonomous Okrug

Jamalo-Nenetsk[a] er eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det er ein del av Tjumen oblast men er samstundes eit eige føderasjonssubjekt i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Salekhard, arealet er 683 976 km² og innbyggjartalet er 547 010 (2021). Den største byen er Nojabrsk.

Jamalo-Nenetsk ligg heilt nordvest på den sibirske sletta. I nord ligg Nordishavet. Her munnar elva Ob ut i ei nesten 1000 kilometer lang vik eller fjord, Ob-golfen. Området er for det meste lågland, men i vest omfattar det dei nordlegaste utløparane av Uralfjella – det høgste punktet er fjellet Pajer (1499 moh.) Havet er frose store delar av året, og landskapet er for det meste tundra. Berre i sør finst det litt skog. Middeltemperaturen i januar er –25 grader celsius, i januar +7 grader celsius.

I 1962 vart det funne store petroleumsforekomster i Jamalo-Nenetsk. Over 90 % av all naturgass i Russland blir utvunnen her, og også mykje olje. Området er òg eit av dei områda i Russland der det blir drive mest reindrift, hovudsakleg av urfolka. Dessutan førekjem det ein del oppdrett av pelsdyr.

Grunna oljenæringa har Jamalo-Nenetsk hatt stor innvandring frå resten av Russland og utlandet òg. Dermed utgjer urfolket no berre ein liten del av folket. Dei største etniske gruppene er:[1]


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>-merke vart funne

  1. "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Jamalo-Nenetsk

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne