Jarnalderen

Rekonstruerte langhus, jarnaldergarden på Ullandhaug.
Rekonstruert jarnalderhus, i jarnalderlandsbyen i Odense
Øks frå jarnalderen, funne på Gotland

Jarnalderen eller jernalderen er i arkeologien rekna som den tidsepoken der bruken av jarn er framståande i produksjonen av våpen og reiskap. I Noreg begynte jarnalderen frå om lag år 500 fvt., men dei tidlegaste spora av jarnutvinning er mykje eldre, kanskje så tidleg som år 3000 fvt. Det tok bortimot 1000 år frå menneskeslekta oppdaga jarnutvinning til kunnskapen nådde Norden. Jarnalderen begynte på ulike tider på ulike plassar i Europa.

I Europa og Asia kjem jarnalderen etter bronsealderen, mens han i resten av verda kjem direkte etter steinalderen. Det er vanskeleg å tidfeste jarnalderen nøyaktig for ein enkelt region, men det refererer til den tidsepoken der bruken av jarn er det mest avanserte metallarbeidet til ein sivilisasjon.

Dei første teikna på bruk av jarn kjem frå det gamle Egypt og Sumer, der dei laga små gjenstandar som spydspissar og ornament allereie i år 4000 f.v.t.


Jarnalderen

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne