Jaroslavl oblast | |||
Ярославская область | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Del av | Den sentrale føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Jaroslavl | ||
Areal | 36 400 km² | ||
Folketal | 1 187 558 (2024) | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +3 (MSK) | ||
Bilnummer | 76 | ||
Jaroslavl oblast 57°52′00″N 39°12′00″E / 57.866666666667°N 39.2°E | |||
Wikimedia Commons: Yaroslavl Oblast |
Jaroslavl oblast[a] er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Jaroslavl, arealet er 36 400 km² og innbyggjartalet er 1 241 424 (2021).
Jaroslavl oblast ligg sentralt plassert i den europeiske delen av Russland, og grensar til Moskva oblast i sør. Området er stort sett bylgjande sletteland, høgste punktet er berre 294 meter over havet. Dei øvre delane av elva Volga renn gjennom provinsen, i ei strekning på 340 kilometer. Klimaet er kontinentalt, med middeltemperatur i januar på -10° celsius, og i juli 18° celsius.
Provinsen har ingen vesentlege mineralførekomstar. Volga er demma opp ved Rybinsk og dannar her ein stor kunstig innsjø. Det vert drive intensivt jordbruk, 34 % av provinsen er dyrka mark. Dei viktigaste avlingane er poteter, grønsaker og lin. Det vert òg dyrka rug, kveite, bygg og havre. Jaroslavl oblast har mykje industri, det viktigaste er ingeniør- og metallindustri.
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne