Jemen

الجمهوريّة اليمنية
Al-Jumhuriyyah al-Yamaniyah

(norsk: Jemen, jemenittisk)

Det jemenittiske flagget Det jemenittiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen


Motto Allah, al-Watan, ath-Thawra, al-Wehda (Gud, Fedreland, Revolusjon, Einskap)
Geografisk plassering av Jemen
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad San'a
Styresett
Republikk
Abd Rabbuh Mansur Hadi
Khaled Bahah
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
527 968 km² (49.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
28 036 829 (47.)
53,1 /km² (125.)
Samla
22. mai 1990
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
75 520 mill. USD (90.)
2 800 USD (162.)
Valuta Jemenittisk rial
Tidssone UTC +3
Toppnivådomene .ye


Jemen (arabisk اليَمَن, al-Yaman), offisielt Republikken Jemen (arabisk الجمهورية اليمنية, al-Jumhūrīyah al-Yamanīyah) er eit arabisk land i Sørvest-Asia, sørvest og sør på Den arabiske halvøya. Jemen er det nest største landet på halvøya og dekkjer 527 970 km². Kystlinja er kring 2000 km lang.[1] Det grensar til Saudi-Arabia i nord, Raudehavet i vest, Adenbukta og Arabiahavet i sør og Oman i aust. Hovudstaden i Jemen er Sana, men opprørarar har hatt kontroll over byen sidan februar 2015. På grunn av dette har regjeringa mellombels flytta til hamnebyen Aden på sørkysten. Jemen har meir enn 200 øyar og den største av desse er Socotra.

Jemen var heimstaden til sabearane (Saba i Bibelen),[2][3][4] ein handelsstat som blømde i over tusen år og som truleg òg omfatta delar av dagens Etiopia og Eritrea. I 275 evt. kom regionen under det jødiskpåverka Himjar.[5] Kristendomen kom til landet på 300-talet, medan jødedom og lokal heidenskap alt var etablert. Islam spreidde seg raskt på 600-talet og jemenittiske soldatar var avgjerande for dei tidlege islamske erobringane.[6] Styret av Jemen har lenge vore særs vanskeleg.[7] Fleire dynasti dukka opp frå 800- til 1500-talet, og Rasulid var det mektigaste og mest velståande. Landet var delt mellom Det osmanske riket og Det britiske imperiet tidleg på 1900-talet. Kongedømet Jemen vart oppretta etter fyrste verdskrigen i Nord-Jemen før Den arabiske republikken Jemen vart oppretta i 1962. Sør-Jemen vart verande eit britisk protektorat fram til 1967. Dei to jemenittiske statane vart samla til den moderne republikken Jemen i 1990.

Jemen er eit utviklingsland.[8] Under president Ali Abdullah Saleh, har Jemen blitt skildra som eit kleptokrati.[9][10] I følgje ein internasjonal korrupsjonsindeks frå 2009 av Transparency International, vart Jemen rangert på 164. plass av 182 land.[11] Utan sterke statlege institusjonar, utgjer elitepolitikk i Jemen ein de facto form for samarbeidsstyre, der konkurrerande stamme, regionale, religiøse og politiske interesser er samde om å halde kvarandre i sjakk gjennom ein stillteiande aksept av balansen det har skapt.[12] Den uformelle politiske avtalen vert opprettheldt ved at tre menn deler på makta: president Ali Abdullah Saleh, som kontrollerte staten; generalmajor Ali Mohsen al-Ahmar, som kontrollerte den største delen av hæren; og sjeik Abdullah al-Ahmar, som leia det islamistiske Islah-partiet og var Saudi-Arabia sin utvalde meklar for transnasjonale patronatbetalingar til forskjellige politiske aktørar,[13] inkludert stammesjeikar.[14][15][16][17] Utbetalingar frå saudiarabarane er meint å lette sjølvstyret til stammene frå den jemenittiske regjeringa og gje den saudiarabiske regjeringa ein måte å påverke dei politiske avgjerslene til Jemen.[18]

Jemen har vore i ei politisk krise sidan 2011. I januar 2011 byrja ei rekkje gatedemonstrasjonar mot fattigdom, arbeidsløyse, korrupsjon og planane til president Saleh om å endre den jemenittiske grunnlova og fjerne tidsgrensa for kor lenge ein president kan sitje, og i røynda gjere han til president på livstid.[19] Han førebudde òg den eldste sonen sin, Ahmed Saleh, kommandant i den republikanske garden, til å overta etter han.[19] USA reknar Al-Qaida på Den arabiske halvøya (AQAP) som «den farlegaste av alle fristadane til Al-Qaida».[20] USA prøvde å kontrollere overgangen slik at dei kunne fortsette kampen mot terrorisme, medan Saudi-Arabia prøvde å oppretthalde påverknaden sin i Jemen gjennom somme gamle regimepersonar og andre stammeleiarar som var del av det såkalla «GCC-initiativet».[21][22] President Saleh trakk seg attende, og overgangen gjekk raskt gjennom «GCC-initiativet»; visepresidenten Abd Rabbu Mansour Hadi tok over og vart formelt vald til president den 21. februar 2012 i eit einmannsval. Det midlertidige parlamentet gav presidenten Saleh og 500 av hans medarbeidarar immunitet same månaden.[23] Det vart oppretta ein nasjonal dialogkonferanse den 18. mars 2012 for å bli samde om store saker i framtida til landet.[24][25] I januar 2014 gav konferansen Hadi eitt år til som president.[26]

Overgangsprosessen vart derimot avbroten av konfliktar mellom Houthi-rørsla og Islah, i tillegg til al-Qaida-opprør. I september 2014 tok houthiane over Sana,[27][28][29] og tvang Ali Mohsen al-Ahmar ut av landet,[30] og oppretta ein ny «samlingsregjering» som bestod av forskjellige jemenittiske fraksjonar.[31] Eit forslag til ei grunnlov, som ville dele Jemen i seks føderale regionar, vart diskutert, men houthiane avslo forslaget.[32] Hadi, statsministeren hans og regjeringa gjekk av 22. januar 2015 under eit politisk dødpunkt mot houthiane og dei pågåande valdshandlingane i hovudstaden.[33] Tre veker seinare, erklærte houthiane seg i kontroll over regjeringa i det Abdul-Malik al-Houthi kalla ein «praktfull revolusjon», sjølv om opposisjonspolitikarar, naboland og Dei sameinte nasjonane fordømde overtakinga som eit statskupp.[34] Dei fleste politiske fraksjonane i Jemen og det internasjonale samfunnet har nekta å anerkjenne styret til houthiane, og SN har gått inn som meklar i samtalar om å fordele makta.[35][36] Den 21. februar trekte Hadi attende oppseiinga si og erklærte at han framleis var den legitime presidenten i Aden.[37] Hadi bad regjeringa samle seg i Aden,[38][39] som han den 26. mai 2016 erklærte «den økonomiske og midlertidige hovudstaden» i Jemen, medan Sana er under Houthi-kontroll.[40]

  1. Daniel McLaughlin Jemen: The Bradt Travel Guide p.3
  2. Robert D. Burrowes (2010). Historical Dictionary of Jemen. Rowman & Littlefield. s. 319. ISBN 0810855283. 
  3. St. John Simpson (2002). Queen of Sheba: treasures from ancient Jemen. British Museum Press. s. 8. ISBN 0714111511. 
  4. Kenneth Anderson Kitchen (2003). On the Reliability of the Old Testament. Wm. B. Eerdmans Publishing. s. 116. ISBN 0802849601. 
  5. Yaakov Kleiman (2004). DNA & Tradition: The Genetic Link to the Ancient Hebrews. Devora Publishing. s. 70. ISBN 1930143893. 
  6. Marta Colburn (2002). The Republic of Jemen: Development Challenges in the 21st Century. CIIR. s. 13. ISBN 1852872497. 
  7. Karl R. DeRouen, Uk Heo (2007). Civil Wars of the World: Major Conflicts Since andre verdskrigen, Volume 1. ABC-CLIO. s. 810. ISBN 1851099190. 
  8. «Jemen: World Bank Projects To Promote Water Conservation, Enhance Access To Infrastructure And Services For Poor». World Bank. Henta 26. mai 2016. 
  9. Laura Etheredge (2011). Saudi-Arabia and Jemen. The Rosen Publishing Group. s. 137. ISBN 1615303359. 
  10. Burrowes, Robert. «Why Most jemenittar Should Despise Ex-president Ali Abdullah Saleh». Jemen Times. Arkivert frå originalen 13. februar 2018. Henta 26. mai 2016. 
  11. «Transparency International's 2009 corruption index: the full ranking of 180 countries». Transparency international. 17. november 2009. Henta 26. mai 2016. 
  12. Ginny Hill, Peter Salisbury, Léonie Northedge and Jane Kinninmont (2013). «Jemen: Corruption, Capital Flight and Global Drivers of Conflict». Chatham House. Arkivert frå originalen (PDF) 19. april 2018. Henta 26. mai 2016. 
  13. «The Islah Party». Islamopedia Online. 13. desember 2012. Henta 26. mai 2016. 
  14. Peter W. Wilson (1994). Saudi-Arabia:The Coming Storm. M.E. Sharpe. s. 129. ISBN 9780765633477. 
  15. Ginny Hill, Peter Salisbury, Léonie Northedge and Jane Kinninmont (2013). «Jemen: Corruption, Capital Flight and Global Drivers of Conflict». Chatham House. Arkivert frå originalen (PDF) 19. april 2018. Henta 26. mai 2016. 
  16. John R. Bradley (2012). After the den arabiske våren: How islamists Hijacked The Middle East Revolts. Macmillan. s. 113. ISBN 9780230393660. 
  17. Bernard Haykel (14. juni 2011). «Saudi-Arabia's Jemen Dilemma:How to Manage an Unruly Client State». Foreign Affairs. Henta 26. mai 2016. 
  18. Sarah Phillips (2008). Jemen's Democracy Experiment in Regional Perspective. Palgrave Macmillan. s. 99. ISBN 9780230616486. 
  19. 19,0 19,1 James L. Gelvin (2012). The Arab Uprisings: What Everyone Needs to Know. Oxford University Press. s. 68. ISBN 019989177X. 
  20. Ginny Hill, Peter Salisbury, Léonie Northedge and Jane Kinninmont (2013). «Jemen: Corruption, Capital Flight and Global Drivers of Conflict» (PDF). Chatham House. Henta 26. mai 2016. 
  21. «International intervention, justice and accountability in Jemen» (PDF). Europaan Council on Foreign affairs. November 2013. Henta 26. mai 2016. [daud lenkje]
  22. Brian Whitaker (2011). «Saudi-Arabia's message to Syria, decoded». The Guardian. Henta 11. november 2014. 
  23. Steven A. Zyck (2014). «Mediating Transition in Jemen: Achievements and Lessons» (PDF). International Peace Institute. Henta 26. mai 2016. [daud lenkje]
  24. «National Dialogue Conference concludes | Jemen Times». Jementimes.com. 28. januar 2014. Arkivert frå originalen 15. mars 2014. Henta 26. mai 2016. 
  25. Day, Steven (27. januar 2014). «The 'non-conclusion' of Jemen's national dialogue». Foreign Policy Magazine. Arkivert frå originalen 6. oktober 2014. Henta 26. mai 2016. 
  26. Ali Saeed (2014). «President Hadi: Ineffective And Illegitimate?». Jemen Times. Arkivert frå originalen 24. mars 2015. Henta 26. mai 2016. 
  27. Mareike Transfeld (2014). «Capturing Sanaa: Why the Houthis Were Successful in Yemen». Muftah. Henta 26. mai 2016. 
  28. STEVEN A. ZYCK (2014). «Mediating Transition in Jemen: Achievements and Lessons» (PDF). International Peace Institute. Henta 26. mai 2016. [daud lenkje]
  29. Silvana Toska (26. september 2014). «Shifting balances of power in Jemen's crisis». The Washington Post. Henta 26. mai 2016. 
  30. «Ali Mohsen Al-Ahmar: Hadi Legitimacy The Perfect Way To Avoid Civil War». National Jemen. 28. september 2014. Henta 26. mai 2016. 
  31. «The Peace and National Partnership Agreement». Saba News Agency. 22. september 2014. Henta 26. mai 2016. 
  32. «Disagreement over Jemeni draft constitution carries high risk of renewed fighting in capital, threatening state failure». IHS. 16. januar 2015. Henta 26. mai 2016. 
  33. http://www.marketwatch.com/story/yemens-parliament-cancels-session-2015-01-25
  34. «Houthi leader vows to defend 'glorious revolution'». Al Jazeera. 8. februar 2015. Henta 26. mai 2016. 
  35. «U.N. Warns That Jemen Mai Collapse as Qaeda Fighters Make Big Gains». The New York Times. 12. februar 2015. Henta 26. mai 2016. 
  36. «Jemen feuding parties agree on transitional council». Al Jazeera. 20. februar 2015. Henta 26. mai 2016. 
  37. Rohan, Brian (26. mai 2016). «Hadi, a once-quiet leader of a fractious Jemen, strikes defiant pose by reclaiming presidency». U.S. News and World Report. Henta 26. mai 2016. 
  38. «Jemen leader meets UN envoy in southern refuge Aden». The Daily Star (Beirut). 26. februar 2015. Arkivert frå originalen 12. mai 2016. Henta 26. mai 2016. 
  39. «Saudi ambassador to Jemen relocates to de facto capital Aden». Middle East Eye. 26. februar 2015. Henta 26. mai 2016. 
  40. «Jemen's President Hadi declares new 'temporary capital'». Deutsche Welle. 26. mai 2016. Henta 26. mai 2016. 

Jemen

Dodaje.pl - Ogłoszenia lokalne