Jersey | |||
Bailiwick of Jersey Bailliage de Jersey | |||
øy | |||
|
|||
Nasjonalsong: God Save the King & Ma Normandie | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Del av | British Islands, Nord-Europa | ||
Hovudstad | Saint-Hélier | ||
Areal | 118,2 km² | ||
Folketal | 105 500 (desember 2017)[1][2][3] | ||
Britisk kroneigedom | 1204 | ||
Språk | engelsk, fransk, jèrriais | ||
Hertug | Charles III | ||
• Viseguvernør | Sir Tim Le Cocq | ||
• Førsteminister | Lyndon Farnham | ||
Tidssone | GMT | ||
Retningsnummer | 44-1534 | ||
Domene | .je | ||
Jersey 49°11′N 2°07′W / 49.19°N 2.11°W | |||
Kart som viser Jersey.
| |||
Wikimedia Commons: Jersey |
Jersey er ei øy i Den engelske kanalen utanfor kysten av Normandie i Frankrike. Jersey er del av øygruppa Kanaløyane, som igjen er del av den større øygruppa Dei britiske øyane. Jersey er, på same vis som Isle of Man, formelt ikkje ein del av Det sameinte kongeriket Storbritannia og Nord-Irland (UK). Jersey er direkte lagd inn under den britiske monarken, som ein kroneigedom. Utanrikspolitikk og forsvarspolitikk vert for det meste teke hand om av britiske styresmakter.
Bailiwick of Jersey omfattar i tillegg små øygrupper som ikkje lenger er busette, Minquiers, Écréhous og Pierres de Lecq[4] i tillegg til andre holmar og skjer.
Jersey er ikkje eit fullt medlem av Den europeiske unionen, men er ein del av tollområdet i EU.[5]