Jimmy Carter |
|
|
Fødd | 1. oktober 1924 Lillian G. Carter Nursing Center, Plains |
---|
Død | 29. desember 2024 (100 år) |
---|
Statsborgar av | USA |
---|
Parti | Det demokratiske partiet i USA |
---|
Religion | kristendom |
---|
Yrke | marineoffiser, diplomat, romanforfattar, politikar, bonde, sjølvbiograf, ubåtmannskap, statsmann, miljøvernar, forretningsdrivande, ingeniør, fredsaktivist, menneskerettsaktivist, skribent, bistandsarbeider, Nobel Prize winner |
---|
Institusjonar | Emory University |
---|
Utdanna ved | Georgia Southwestern State University Georgia Institute of Technology United States Naval Academy Union College |
---|
Mor | Lillian Gordy Carter |
---|
Far | James Earl Carter, Sr. |
---|
Ektefelle | Rosalynn Carter |
---|
Barn | Jack Carter, Amy Carter, James Earl Carter III, Jeff Carter |
---|
Medlem | American Academy of Arts and Sciences American Legion Den trilaterale kommisjonen |
---|
Verv | President i USA |
---|
Føregangar | Gerald Ford |
---|
Etterfylgjar | Ronald Reagan |
---|
Alle verv | - President i USA (1977–1981)
- guvernør i delstaten Georgia (1971–1975)
- President-elect of the United States (1976–1977)
- member of the Georgia State Senate (1963–1967)
|
James Earl Carter II (1. oktober 1924–29. desember 2024), oftast omtala som Jimmy Carter, var ein USA-amerikansk politikar for Det demokratiske partiet. Han var president i USA frå 1976 til 1981, som nummer 39 i rekkja over presidentar. Han er den lengstlevande amerikanske presidenten, og den fyrste som har levd i 100 år.[1] Han døydde den 29. desember 2024, 100 år og 89 dagar gammal.[2]
Hans største utanrikspolitiske suksess som president vart forhandlingane knytt til Camp David-avtalen mellom Israel og Egypt i 1978. Siste delen av presidenttida vart prega av ei gisselsak i Iran. Han stilte opp i presidentvalet i 1980, men vart slegen av Ronald Reagan.[3]
Etter avgangen som president engasjerte Carter seg i fredspolitisk arbeid verda over. Mellom anna har han mekla i konfliktområde i Latin-Amerika, Midtausten og Afrika. Jimmy Carter var den fyrste sitjande eller tidlegare amerikanske president som vitja Cuba sidan 1928. Vitjinga var eit forsøk på å betra tilhøvet mellom USA og Cuba.
I 2002 vart Carter tildelt Nobels fredspris for arbeidet sitt med å finna fredelege løysingar på internasjonale konfliktar.
- ↑ «Jimmy Carter, former US president, turns 100», www.bbc.com (på engelsk), henta 29. desember 2024
- ↑ Haram, Ola; Andersen, Elise Rønnevig (29. desember 2024), «Jimmy Carter er død», VG (på norsk), henta 29. desember 2024
- ↑ «Jimmy Carter» i Store norske leksikon, snl.no.