John Cleese | |||
| |||
Fødd | 27. oktober 1939 (85 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Weston-super-Mare | ||
Aktive år | 1961– | ||
Verka som | skodespelar, fjernsynsskodespelar, filmskodespelar, komikar, stemmeskodespelar, manusforfattar, skribent, filmprodusent, sjølvbiograf, teaterskodespelar, filmregissør | ||
Ektefelle | Connie Booth, Barbara Trentham, Alyce Cleese, Jennifer Wade | ||
Born | Cynthia Cleese | ||
Prisar | Primetime Emmy Award, Gullrosen, BAFTA Award for Best Actor in a Leading Role, Den europeiske filmprisen for livslang innsats, Beste mannlige gjestesopptreden i en komedieserie |
John Marwood Cleese (fødd 27. oktober 1939) er ein britisk komikar og skodespelar fødd i Weston-super-Mare i Somerset.
Det komiske talentet utvikla Cleese som medlem av Cambridge Footlights Revue under studiane ved Downing College i Cambridge.
Han vart internasjonalt berømt som medlem av Monty Python og med fjernsynsserien Fawlty Towers (Hotell i særklasse).
Det opphavlege familienamnet var Cheese, men faren (Reginald Francis Cheese), ein forsikringsmedarbeidar, endra namnet til Cleese då han gjekk inn i hæren i 1915.