Jomfrua | |
---|---|
Latinsk namn | Virgo |
Forkorting | Vir |
Genitivsform | Virginis |
Symbologi | Frå grekarane |
Rektasensjon | 13 h |
Deklinasjon | 0° |
Areal | 1294 kvadratgrader nr. 2 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
3 |
Sterkaste stjerne | Spica (α Vir) (1,0. mag.) |
Meteorsvermar | |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +80° og −80° | |
Jomfrua (frå latin Virgo) er eit stjernebilde rundt ekvator på himmelkvelvinga. Det er eit av stjernebileta i dyrekrinsen. Det ligg mellom Løva i vest og Vekta i aust, og er det nest største stjernebiletet på himmelen (etter Vasslangen). Ein kan lett finne biletet via den mest lyssterke stjerna, Spica.[1]