Judo (japansk ju, 'mjuk', og do, 'veg'; den mjuke vegen) er ein japansk kampsport. Sporten vart utvikla av Jigoro Kano, og stammar frå den eldgamle kampkunsten ju jitsu. Kano tok kunsten til samuraiane og gjorde han til ein idrett ved å fjerna ein del av dei farlegaste teknikkane.
Judo er i dag ein av dei største idrettane i verda, og vart OL-grein i 1972 for menn og i 1992 for kvinner. Om lag 16 millionar menneske trenar judo. Ein utøvar av judo vert generelt kalla judoka. Alternativt kan ein kalla den som utfører ein teknikk for tori og den som åtaket vert utført på for uke.
Den internasjonale føderasjonen for bryteartar (International Federation of Associated Wrestling Styles) reknar judo som ein av dei fire hovudartane av amatørbryting.