Karbonmonoksid (CO) er ei kjemisk sambinding av eit karbonatom og eit oksygenatom. Bindinga er kovalent. Den luktfrie gassen er òg kjend som kolos.
Karbonmonoksid vert danna ved ufullstendig forbrenning. Eksos er ei kjelde til utslepp. Bilkatalysatorar omdannar karbonmonoksid til karbondioksid.