Қазақстан Республикасы Qazaqstan Respublıkasy Республика Казахстан Respublika Kazakhstan (norsk: Kasakhstan, kasakhstansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Motto | Ikkje noko | ||||||
Offisielle språk | Kasakhisk og russisk | ||||||
Hovudstad | Astana | ||||||
Styresett |
Republikk Qazym-Zjomart Toqajev Olzjas Bektenov | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
2 724 900 km² (9.) Ubetydeleg | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
18 556 698 (60.) 6,8 /km² (185.) | ||||||
Sjølvstende - Erklært |
Frå Sovjetunionen 16. desember 1991 | ||||||
Nasjonaldag | 25. oktober | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
430 500 mill. USD (43.) 25 600 USD (53.) | ||||||
Valuta | Tenge | ||||||
Tidssone | UTC +5[1] | ||||||
Telefonkode | +7 | ||||||
Toppnivådomene | .kz
|
Kasakhstan (kasakhisk Қазақстан, Qazaqstan; russisk Казахстан, Kazakhstan) er eit land som ligg dels i Europa, dels i Sentral-Asia. Det er det niande største landet i verda, og er t.d. større enn Grønland med eit areal på 2 724 900 km².
Kasakhstan strekkjer seg frå Kaspihavet heilt til Kina og grensar til Russland, Kirgisistan, Turkmenistan, Usbekistan og Folkerepublikken Kina.
Over dei enorme områda som Kasakhstan dekkjer finn ein mange forskjellige terreng, frå sletter, taiga, åsar, elvedelta, fjell, somme av dei snødekte, og store ørkenar. Ut i frå innbyggjartal er Kasakhstan det 62. største landet i verda med ein folketettleik på mindre enn seks menneske per kvadratkilometer.
Kasakhstan var ein av dei femten sovjetrepublikkane i Sovjetunionen fram til desember 1991, då landet erklærte sjølvstende. Det totale folketalet har falle noko sidan sjølvstende frå 16,46 millionar i 1989 til om lag 15,3 millionar i 2006.[2] Dette kjem hovudsakleg av russarane og volgatyskarane si utvandring etter oppløysinga av Sovjetunionen. I dag er Kasakhstan eit medlem av Samveldet av sjølvstendige statar.