Kaupanger ferjekai | |||
Kategori | Ferjekai | ||
---|---|---|---|
Underkategori | Dobbel kai, forskyvd parallell | ||
Opna | 1938 | ||
Som del av | Lærdal-Kaupanger | ||
Tilknytt | Arm av Riksveg 5 | ||
Stad | Kaupanger | ||
Kommune | Sogndal kommune | ||
Fylke | Vestland | ||
Erstatta av | Mannheller ferjekai | ||
![]() Kaupanger ferjekai 61°10′59″N 7°15′00″E / 61.183144811574°N 7.2499513037407°E |
Kaupanger ferjekai er eit ferjeanlegg i Kaupanger i Sogndal kommune i Vestland, og inngår i Riksveg 5. Frå Kaupanger går ferjesambandet Kaupanger-Frønningen(-Gudvangen).
Frå 1938 til 1995 var Kaupanger ein sentral ferjestad i Indre Sogn, og vart til etter oppdelinga av det tidlegare ferjesambandet Lærdal-Vadheim, og ein fekk dei nye sambanda Lærdal-Kaupanger og Grinde-Nordeide. Frå Kaupoanger kom det seinare samband til både Gudvangen, Årdalstangen og Aurland. Kaianlegget vart i fyrste omgang oppgradert midt på 1950-talet med to køyrelemmer. I samband med opninga av Revsnes ferjekai i 1966 vart anlegget oppgradert på ny med to nye moderne anløp rett austanfor dei gamle, og dei gamle måtte vike for utvida oppstillingsområde.
I 1995 opna ny Riksveg 5 mellom Kaupanger og Lærdal og det nye ferjesambandet Mannheller-Fodnes, og med dette vart ferjetrafikken til Årdal/Fodnes borte. Med opninga av Lærdalstunnelen i 2000 vart òg ferjene til Lærdal, Gudvangen og Aurland borte, og ein fekk det nye ferjesambandet Kaupanger-Frønningen for å ivareta eit offentleg ferjetilbod til den veglause bygda Frønningen, som fram til då hadde stopp på rutene til Aurland og Gudvangen. I tillegg går det sumarferje til Gudvangen i regi av turistnæringa.
I ettertid har det vestre kaia blitt oppgradert til standard 6 meter breidde på ferjelemmen for å fasilitere for dagens ferjer, medan den austre kaia har fått ferjelemmen fjerna og er brukt som fortøyingskai.