Khakasia | |||
Хакасия | |||
republikk | |||
|
|||
Nasjonalsong: Xakas gįmn | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Del av | Den sibirske føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Abakan | ||
Areal | 61 569 km² | ||
Folketal | 528 175 (2024) | ||
Språk | russisk, khakassisk | ||
Tidssone | UTC +7 | ||
![]() Khakasia 53°30′N 90°00′E / 53.5°N 90°E | |||
Wikimedia Commons: Khakassia |
Khakasia[a] er ein republikk i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Abakan, arealet er 61 900 km² og innbyggjartalet 532 300 (2010).
Khakasia ligg i det sørvestlege Sibir. Elvene Jenisej, Abakan og Tom renn gjennom republikken. Omtrent 60 % av arealet er berglendt, det høgste punktet er fjellet Karagosj (2 930 meter over havet). Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen i januar er –19 grader celsius, i juli +18 grader celsius. Dei rike mineralressursane i republikken omfattar jernmalm, molybden, gull, kol, barytt, bentonitt og marmor. Kopar og olje finst òg, men vert foreløpig ikkje utvunne.
Viktige næringsvegar er gruvedrift, metallindustri og kraftproduksjon (vasskraft). Det vert òg drive skogbruk og jordbruk. Viktigast innan jordbruk er saueal. Det vert dyrka kveite, havre, poteter og grønsaker.
Dei fleste innbyggjarane, 80,3 %, er russarar. Khakassar, eit folkeslag som snakkar det tyrkiske språket khakassisk, utgjer 12,0 %. Elles er 1,1 % av innbyggjarar tyskarar og 0,9 % ukrainarar.[1]
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne