Kilometer per time (kilometer i timen), forkorta km/h eller km/t, er ei eining som vert nytta for å gi opp fart,[1] til dømes farten til levande vesen, køyretøy eller vind. Kilometer per time kan nyttast når ein fastset ei fartsgrense. Internasjonalt nyttar ein forkortinga km/h. Eininga kan utleiast frå SI-einingane meter og sekund.