Kingston upon Thames | ||
---|---|---|
Det gamle rådhuset ved marknadsplassen | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Stor-London | |
Distrikt | Kingston upon Thames | |
Geografi | ||
Koordinatar | 51°25′N 0°18′W / 51.417°N 0.300°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | KT1, KT2 | |
Telefon-retningsnummer | 0 20 | |
Kingston upon Thames, i daglegtale berre Kingston, er ein by i England. Han låg tidlegare i grevskapet Surrey, men er no del av Stor-London.
Kingston oppstod som ein marknadsby ved Themsen. I mellomalderen vart saksiske kongar krona der. I dag er han vorte ein forstad til London.
Byen er administrasjonssenter i grevskapet Surrey, etter at dette vart flytta frå Guildford. Det er planar om å flytta administrasjonen til Woking, sidan Kingston ikkje lenger høyrer til Surrey.
På 1900-talet var det omfattande produksjonen av militærfly i Kingston; Sopwith, Hawker-Siddeley og British Aerospace hadde produksjonslokale i byen.
Dei to fremste fotballklubbane i byen er Kingstonian F.C. og AFC Wimbledon.